Om stolpejakten 2020

Oppstart 22. juli 2020.

Stolpejakta i år finn du på Lalm med omegn og Vågåmo med omegn.
Neste år vil vi rullere jakta til nye plassar i kommunen.

Under finn du kor stolpane står og kart over plasseringar (PDF), med mykje nyttig informasjon.


VIKTIG!
Somme opplever at postane er utanfor kartet i appen når dei bruker kartet offline (ved dårleg dekning). Nytt kart vil koma etter kvart, og da varslar vi om det. Men viss de er online, og det er dekning, så kan de gjera følgjande:

1. Last ned kartet du skal inn på.
2. Gå inn på Innstillinger nedst til høgre, klikk på Bruk norgeskart.
3. Gå inn på kartet, klikk på strekane ved sida av KART øvst til venstre, bla deg nedover og klikk på Skjul detaljert kart. Da ser du Vis detaljert kart.
4. Klikk på kartet igjen, da skal alle postane koma inn på kartet.

Du finn informasjon om konseptet her!
Korleis bli ein stolpejeger? Les her!

Alle som er med å samle stolpar, er med i trekning om premiar:
1. premie: kr 1 000,– som gåvekort/gåvesjekk.
2. premie: kr 500,– som gåvekort/gåvesjekk.
3. premie: kr 250,– som gåvekort/gåvesjekk.

Tusen takk til alle gode hjelparar. Utan dykk hadde ikkje dette blitt ein realitet. Nå kan alle som vil gå på stolpejakt i Vågå, få eit lågterskeltilbod til alle, i alle aldrar.

OBS!
Vis respekt for privat eigedom og dyrka mark.
Parker på tilgjengelege P-plassar.
Unngå køyring mellom stolpane.


God stolpejakt!


Samarbeidspartnarar: